Rogaland skulesjakkutval og Stavanger sjakklubb inviterer til:

 

KM i sjakk for skulelag 2007

Søndag 25 mars

Tjensvoll bydelshus

Oppmøte seinast kl. 10.30

Start kl. 11.00

 

Mesterskapet blir spilt i følgjande klassar:

Klasse A:  Barneskulelag                             Klasse B:  Ungdomsskulelag

 

Oppmøte og registrering seinast 10.30.  Førehandspåmelding til  haavard.lovik@lyse.net

med navn, fødselsdato, klasse og skule !!!

Dersom alle melder seg på innan fredag 23.03, klarer me å starta presis!

 

Turneringa går over 6 rundar(Monrad ved 8 eller fleire lag, ellers Berger). Kvar spelar har 25

minutt kvar på eit parti. Turneringsleiarar: Per Blikra og Håvard Løvik.

 

Kvart lag har 4 spelarar og eventuelt ein reserve frå same skule.  Der det ikkje er nok

spelarar ved ein skule(eller lag nr. 2 ,3….) kan ein stilla blanda, men ikkje toppa lag.

Slike lag deltek i KM på lik linje med dei andre laga, men kan ikkje representera Rogaland

 i NM for skulelag. Alle på laga må vera medlem av RSSU.  Dei som ikkje er medlem kan

betala før 1 runde(50 kr).   Startavgift pr. lag er kr. 250,-pr. lag, og skal betalast ved

registrering eller til konto 3250.22.15697 etter avtale. 

 

Rekkefølga i turneringa blir avgjort først etter lagpoeng, etterpå etter individuelle poeng.

Dersom dette og er likt avgjer kvalitetspoeng før innbyrdes oppgjer.

Dei 3 beste laga blir premiert med medaljar og pokalar til skulane.  Alle som deltek får

diplomar.  KM er kvalifiserande til NM for skulelag 2007 i Masfjorden helga 4 – 6 mai.

 

Det blir kantine under arrangementet.

Det er innkjøring forbudt til Tjensvoll bydelssenter. Alle parkera på Tjensvollsenteret

eller nede ved Ishallen.

 

 

 

 

Med helsing

Per Blikra og Håvard Løvik                             Grethe Barane

haavard.lovik@lyse.net                                   Epost : gbarane@start.no

Stavanger sjakklubb                                        Tlf. 51488557/91688657

RSSU