Rogaland skulesjakkutval(RSSU)

v/Grethe Barane

Lerkevegen 9

4340  BRYNE

Tlf. 51488557/91688657

Epost : gbarane@start.no

                                                                                              Stavanger 29.01.08

 

Til: ungdomsjakklubbane/skular i Rogaland

 

Rogaland skulesjakkutval og Stavanger sjakklubb inviterer til:

 

KM i sjakk for skulelag 2008

Søndag 9 mars

Bekkefaret bydelshus

Oppmøte seinast kl. 10.30

Start kl. 11.00

 

Mesterskapet blir spilt i følgjande klassar:

Klasse A:  Barneskulelag                             Klasse B:  Ungdomsskulelag

 

Oppmøte og registrering seinast 10.30.  Førehandspåmelding til  haavard.lovik@lyse.net

med navn, fødselsdato, klasse og skule !!! Dersom alle melder seg på innan fredag 07.03, klarer me å starta presis!

 

Turneringa går over 6 rundar(Monrad ved 8 eller fleire lag, ellers Berger). Kvar spelar har 25 minutt kvar på eit parti. Turneringsleiarar: Stein Tore Gausdal, Håvard Løvik og Karle Stangeland .

 

Kvart lag har 4 spelarar og eventuelt ein reserve frå same skule.  Der det ikkje er nok spelarar ved ein skule(eller lag nr. 2 ,3….) kan ein stilla blanda, men ikkje toppa lag. Slike lag deltek i KM på lik linje med dei andre laga, men kan ikkje representera Rogaland i NM for skulelag. Alle på laga må vera medlem av RSSU.  Dei som ikkje er medlem kan betala før 1 runde(50 kr).   Startavgift pr. lag er kr. 250,-pr. lag, og skal betalast ved registrering eller til konto 3250.22.15697 etter avtale. 

 

Rekkefølga i turneringa blir avgjort først etter lagpoeng, etterpå etter individuelle poeng.

Dersom dette og er likt avgjer kvalitetspoeng før innbyrdes oppgjer. 

Dei 3 beste laga blir premiert med medaljar og pokalar til skulane.  Alle som deltek får premie.  KM er kvalifiserande til NM for skulelag 2008 i ????? helga 11 – 13 april.

 

Det blir kantine under arrangementet.

 

Med helsing

Håvard Løvik og Carsten Jacobsen                      Grethe Barane

Stavanger sjakklubb                                                RSSU